Meir makt til rektorane

NHH Bulletin - 4/2014

Norsk skole har vore egalitær, og leiinga har i liten grad handla om å utøve makt. Dette vil endre seg, seier programdirektør Tore Hillestad ved NHH Executive.

– Om rektorane har for lita makt? Ja, det trur eg kanskje. Men først og fremst handlar det om å lære og utøve makt, seier rektor ved Storebø barneskole i Austevoll, Bjørn Kristian Bjånesøy.

Det er tidleg morgon i Bergen, og medan nærare 8000 lærarar er i streik, sit skoleleiarar og rektorar frå Bergen og resten av Hordaland på skolebenken for å lære om leiing.

Skolefolket har ein heil undervisingsdag på hotellet på Bryggen framføre seg. Dei tek studiet Rektorutdanninga, eit nasjonalt program (sjå faktaboks) som Utdanningsdirektoratet sette i gang for fem år sidan. NHH og AFF samarbeider om utdanninga i Bergen.

Tid på jobb

Første time på planen i dag er ei førelesing om endringskapasitet og kva som gjer at somme organisasjonar lukkast med å få til strategiske endringsprosessar.

– Sånn sett kunne det ikkje passa betre å snakke om relasjonane mellom rektorar og lærarar og kvifor det kan vere så vanskeleg å gjennomføre endringar, seier Tore Hillestad, programdirektør ved NHH Executive.

Professor Inger G. Stensaker ved NHH opnar førelesinga for skoleleiarane. Ho har i ei årrekkje forska på endringskapasitet.

Krava til skolen

I kaffepausen møter vi Jan Erik Reknes, avdelingsleiar ved Kringlebotn barneskole i Bergen, og Bjånesøy, rektoren frå Austevoll.

Dei trur leiarrolla i skolane kjem til å bli viktigare, og med leiarutdanning skreiddarsydd for rektorar, vil dei få eit betre fundament når dei skal utøve rolla.

– Litt av utfordringa i skolen må du sjå i eit større samfunnsperspektiv. Det handlar om forventingar, og dette har endra seg dramatisk. Før var det greitt, ein skulle lage gagns folk av elevane. No er det auka forventingar til resultat, seier Reknes.

Endringskapasitet i skolen

– Når krava til skolen ser heilt annsleis ut, må rektorane ta nye grep. Og rektorane må få høve til å utøve leiarrolla, meiner Reknes.

– Klarer rektor i skolen i dag å fungere som meir enn ein administrator?

– Ja, men ein må prioritere vekk ein del ting. Eg er ikkje glad i skjemaveldet og har sagt til lærarane mine at eg vel vekk ein del rapportering. Du kan drukne i rapportering, og då blir du ein rein administrator. seier Bjånesøy.

Nyansane forsvann

Arthur Tøsdal er avdelingsleiar ved Årstad vidaregåande skole. Han meiner at nyansane i den oppheita debatten i haust om bunde arbeidstid forsvann. Han kunne også ønskt seg at fleire lærarar hadde hatt tillit til at spørsmålet om timar kunne vore løyst på ein klok måte av skolane, av rektorane.

– Alle kunnskapsorganisasjonar er prega av sjølvstendige medarbeidarar, og skolesektoren har ingen tradisjon for leiing i tradisjonell forstand. Dette er i endring.

Det er ei veldig tydeleg tenking i Utdanningsdirektoratet, utdjupar Hillestad, der dei ønskjer å gjere leiingsfunksjonen til noko meir enn ei administratorrolle. Dei har forventingar om at skolen skal drive fornying og pedagogisk leiing. Og; maktutøving.

Er i endring

– I skolen er det egalitært, og leiing har i liten grad handla om å utøve makt. Dette vil endre seg, seier han.

Ein skoleleiar er i ei utprega mellomleiarrolle, meiner Hillestad. Dei er rektorar og kan reknast som leiar, men det dei gjennomfører gjer dei på vegner av skoleeigar, samstundes som dei er ein del av lærarkollegiet.

– Forskinga er ganske tydeleg på at kunnskapsmedarbeidarar trur dette kan sjå annsleis ut om nokre år, med profesjonaliseringa av rektorrolla og korleis utøvinga av rolla kjem til å endre seg, seier Hillestad.

Sigrid Folkestad i NHH Bulletin 01. des. 2014

Kontakt